Den 29. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 27. januar til 8. februar 1987 i Crans-Montana i kantonen Valais i Sveits.
For fyrste gong vart det tevla i ti øvingar. Super-G-øvinga stod på VM-programmet for fyrste gong, den kom i tillegg til dei tradisjonelle øvingane; slalåm, storslalåm og utfor, samt den alpine kombinasjonen.
Sveitsaren Pirmin Zurbriggen vann to gullmedaljar og like mange sølvmedaljar, også hans landskvinner Maria Walliser og Erika Hess vann to gullmedaljar. I alt stakk Sveits av garde med åtte av dei ti gullmedaljane som vart utdelt i meisterskapen.