Den 44. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 5. til 17. februar 2019 i Åre i Sverige. Det vart tevla i 11 øvingar; fem for menn og tilsvarande mange for kvinner. Dessutan vart arrangert ei mannskapsøving, ei utslagstevling i paralellslalåm, med to menn og to kvinner på kvart av laga. 471 deltakarar frå 76 land var pålmeldt til meisterskapen, den tredje alpine verdsmeisterskapen som fann stad i Åre.