VM i fotball 1990

Kart over deltakarlanda i VM 1990
VM-ballen 1990

Verdsmeisterskapen i fotball i 1990 vart arrangert i Italia i tida 8. juni - 8. juli 1990. Dei 52 kampane vart spelt på tolv arenaer i tolv ulike byar. Vest-Tyskland vart verdsmeister for tredje gong, etter å ha sigra 1–0 over Argentina i finalen. Andreas Brehme sette inn målet på straffespark. Det var den 14. verdsmeisterskapen sidan byrjinga i 1930.

Turneringsformatet for dei 24 landa som deltok i verdsmeisterskapen var det same ved forrige meisterskapen. Deltakarlanda vart delt inn i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe, samt dei fire beste trearane gjekk vidare til utslagsspel. Italia, Jugoslavia, Argentina, Vest-Tyskland, Tsjekkoslovakia, England, Kamerun og Irland gjekk vidare frå åttedelsfinalane, sistnemnde etter straffesparktevling mot Romania.

Både Italia og Vest-Tyskland vann sine respektive kvarfinalar 1-0. England trengde ekstraomgangar for å slå Kamerun 3-2, medan Argentina slo ut Jugoslavia på straffespark etter 120 mållause minuttar. Begge semifinalane enda 1-1 og finalistane Argentina og Vest-Tyskland kvalfiserte seg ved betre straffeskyting enn Italia og England.

Vertslandet Italia kapra bronsemedaljen med siger 2-1 over England i Bari. Italias eigen Salvatore Schillaci vart toppskårar med seks mål.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne