VM i skiskyting 1996

Verdsmeisterskapen i skiskyting 1996, den 31. i rekka, fann stad i Ruhpolding i Tyskland i tida 3. til 11. februar 1996. Det var tredje gongen den bayerske småbyen var vertskap for ein verdsmeisterskap i skiskyting.

Meisterskapen omfatta åtte tevlingar, to individuelle øvingar for begge kjønn og ein stafett og ei lagøving, også det for begge kjønn. Russland hadde den klart beste deltakartroppa og tok heim fire gull og like mange sølvmedaljar. Noreg fekk ei sølvmedalje ved Ann Elen Skjelbreid.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne