VM i skiskyting 2008

VM-flagg 2008

Verdsmeisterskapen i skiskyting 2008, den 42. i rekka, vart avvikla i Östersund i Sverige i tida 8. – 17. februar 2008. Östersund arrangerte også i 1970 verdsmeisterskapen i skiskyting.

Meisterskapen omfatta 11 tevlingar, fem for menn og like mange for kvinner, samt ein mixstafett der både kvinner og menn deltok på dei ymse laga. Deltakarar frå 39 land var påmelde meisterskapen. Einast seks land vann ein eller fleire medaljar.

Russland vann flest medaljar, 11 i talet, medan Tyskland tok flest gullmedaljar med sine fem topplasseringar. Norske Ole Einar Bjørndalen sanka flest medaljar av utøvarane med eitt gull, tre sølv og ein bronse. Dei to tyske kvinnene, Andrea Henkel og Magdalena Neuner, tok flest gullmedaljar, tre kvar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne