Verdsmeisterskapen i skiskyting 2015 fann stad i Kontiolahti i Finland i tida frå 5. til 15. mars 2015. Meisterskapen omfatta fem individuelle tevlingar for kvinner og like mange for menn, samt ein mixstafett der kvart land deltok med to kvinner og to menn.
Frankrike og Tyskland sikra seg kvar sine tre tevlingssigrar. Noreg fekk flest medaljar med til saman sju medaljar; ein gull, to sølv og fire bronsar. Marie Dorin-Habert frå Frankrike vart fremste utøvaren i meisterskapen med sine to individuelle gullmedaljar og to stafettsølv. Norske Tarjei Bø tok flest medaljar; ein sølvmedalje og fire bronsemedaljar.