Val Lumnezia

Val Lumnezia

Val Lumnezia (retoromansk for «Lysdalen») er ein sveitsisk høgtliggande fjelldal som består av Lumneziadalen og sidedalen Valsertal i søraust. Dalen utgjer ein kommune, som består av busetnadane Vella, Vignogn, Degen, Suraua, Vrin, Cumbel, Morissen, Vals og Lumbrein. Den øvre regionen er av dei mest urørte områda i Dei sveitsiske Alpane. Dei offisielle språka er retoromansk og tysk.

Elva Glogn renn gjennom dalen frå Glion. Av fjell kring dalen finn ein mellom andre Piz Terri, Piz Aul og Piz Mundaun.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne