60°58′52″N 9°13′50″E / 60.98111°N 9.23056°E
Valdres Folkemuseum er eit museum, stifta i 1901, som ligg på Storøya utanfor Fagernes i Nord-Aurdal kommune i Innlandet. Museet ligg på ein liten bergrygg som stikk ut i Strandefjorden. Nær inngangen ligg det større gardsbygningar frå dei forskjellige Valdreskommunane. Lengre inn på området har museet bygd opp eit fullstendig gardstun, ein husmannsplass og eit stølsområde.
Museet har 95 hus og anlegg, rundt 20 000 gjenstandar, og er det fjerde største friluftsmuseet i Noreg.
Alle gjenstandar i museet er originalgjenstander og har vorte samla frå garder og stader i området.
Saman med Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger vart museet i 2006 ein del av Valdresmusea. Fra 2008 driftar Valdresmusea også Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Instituttet har administrasjon og dokumentajonssenter i kjellaren på Valdres Folkemuseum, og bunadutstillinga finst i museet sine utstillingslokale.