Valdtekt eller voldtekt er ei form for seksuelt overgrep som går ut på å tvinga nokon til å ha kjønnsleg omgang. Mange typar valdtek blir rekna som brotsverk i ulike kulturar, men kva som er definert som valdtekt kan variera. Det finst ingen internasjonal konsensus på kva eksakt ein valdtekt er av di ulike land har ulike lovverk og definisjonar på kva ein valdtekt inneber. Mange jurisdiksjonar definerer det som seksuell penetrering (til dømes samleie) utan at den som blir penetrert har gjeve samtykke.[2] I nokre land, mellom anna Noreg, er definisjonen vidare og omfattar fleire former for tvungen kjønnsleg omgang, og omfattar overgrep frå og mot begge kjønn. Andre land kan ha ein snevrare definisjon av valdtekt som berre omfattar tvunge vaginalt samleie, slik at berre kvinner kan reknast som valdtekne, og berre menn som valdtektsforbrytarar.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Smith