Valencia

Valencia
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Valencia
Del av Provinsen Valencia
Areal 134,65 km²
Folketal 825 948 (2024)
Postnummer 46000-46080
Kart
Valencia
39°28′12″N 0°22′35″W / 39.47°N 0.37638888888889°W / 39.47; -0.37638888888889
Wikimedia Commons: Valencia

Valencia (valenciansk València) er regionshovudstaden og den største byen i den autonome regionen Valencia og den tredje største byen i Spania med litt over 800 000 innbyggjarar.[1] Han er den 22. største byen i Den europeiske unionen og har det 35. største byområdet med nesten 1,5 millionar innbyggjarar.[2] Opp mot 2,3 millionar[3] bur i storbyområdet kring Valencia.

Byen er ein ein del av eit industriområde ved Costa del Azahar. Den største festivalen Fallas er kjend i heile Spania og den verdskjende spanske matretten paella har opphav i Valencia.

Byen har ein verdsarvstad, Lonja de la Seda, men landemerket er utan tvil Kunst- og vitskapsbyen, eit avant-garde og futuristisk museumskompleks.

  1. «Instituto Nacional de Estadística. (National Statistics Institute)». Ine.es. 28. mai 2001. 
  2. Eurostat - Larger Urban Zones: Urban Audit.org
  3. Organization for Economic Cooperation og Development, Competitive Cities in the Global Economy, OECD Territorial Reviews, (OECD Publishing, 2006), Table 1.1

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne