58°36′37″N 5°37′03″E / 58.6103855°N 5.6175894°E
Varhaug gamle kyrkjegard er ein kyrkjegard som ligg i havgapet på garden Varhaug i Hå kommune. Kyrkjeplassen er frå mellomalderen. Rundt 1200 vart truleg den første kyrkja reist her, og det er mykje som tyder på at denne vart lagd på ein gammal heidensk kultstad. Fleire ulike kyrkjer har stått på kyrkjegarden. Den gamle kyrkja vart riven i 1905 og ny kyrkje vart bygd på Odland.
Like utanfor kysten her var det eit skipsforlis i 1842 som kravde 389 russiske liv. Dei fleste vart gravlagde på Varhaug gamle kyrkjegard, som er freda. Det er òg reist eit minnesmerke over russarane og «sjøfolk som her fekk grava si».