Eit vassdrag er eit samanhengande system av bekkar, elvar, innsjøar og isbrear, rekna frå sine utspring i skog og fjell og ned til eit felles utløp i havet, ein innsjø eller ei større elv.
Fjellkjeder og andre høgdedrag utgjer ofte eit vasskilje.
Amazonas er det største vassdraget i verda med eit nedslagsfelt på 6 144 727 km², det er ein tredjedel av arealet til Sør-Amerika. Europa sitt største vassdrag er Volga (1 410 994 km²).