Vasslangen | |
---|---|
![]() | |
Latinsk namn | Hydra |
Forkorting | Hya |
Genitivsform | Hydrae |
Symbologi | Tilbake til Babylon |
Rektasensjon | 11 h |
Deklinasjon | −20° |
Areal | 1303 kvadratgrader nr. 1 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
2 |
Sterkaste stjerne | Alphard (α Hya) (1,98. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +54° og −83° | |
Vasslangen (frå latin Hydra) er eit stjernebilde hovudsakleg på den sørlege himmelhalvkula, nokre stjerner er rett nord for himmelekvator. Vasslangen er det største av dei 88 moderne stjernebileta og måler 1303 kvadratgrader. Det er òg eit av dei lengste på over 100 grader, og sørenden grensar til Vekta og Kentauren og nordenden til Krepsen.[1] Det har ei lang historie og er eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet.