Veneto | |||
region | |||
|
|||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Del av | Venetian Plain | ||
Hovudstad | Venezia | ||
Areal | 18 345,35 km² | ||
Folketal | 4 869 830 (1. januar 2021) | ||
Veneto 45°44′00″N 11°51′00″E / 45.733333333333°N 11.85°E | |||
Kart som viser Veneto.
| |||
Wikimedia Commons: Veneto |
Veneto er ein av tjue regionar i Italia. Han ligg nordaust i landet og har 4,8 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Venezia og den største byen er Verona. Regionen var ein gong hjartet i Republikken Venezia og er i dag ein av dei rikaste og mest industrialiserte regionane i landet. Den vakre naturen og kunsten og den rike historia gjer at Veneto er ein av dei mest vitja regionane i Italia med om lag 13,5 millionar turistar kvart år.[1] Språk i området er italiensk, ladinsk og venetiansk (som har vorte føreslått som offisielt språk for regionen). Grunnlova for regionen, godkjend av den italienske regjeringa i 1971, anerkjenner òg innbyggjarane som eit «folk» (popolo på italiensk).[2]