Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask Sjekk at språket følgjer gjeldande nynorsk rettskriving og grammatikk og har ein konsekvent språkstil. Når dette er gjort, kan du fjerna merket.
Venskapsby er eit omgrep som vert brukt for å skildre samarbeidsavtalar mellom byar på ulike stader for å promotere kulturelle og/eller handelsband. Denne typen avtale finst også mellom ulike administrative einingar som fylke, regionar, distrikt osv.[1]
Det moderne konseptet for venskapsby vart utvikla etter Andre verdskrigen i 1947, og hadde som formål å byggje og oppmuntre venskap og forståing mellom ulike land og mellom tidlegare fiendar som innsats for fred og forsoning,[2][3] og oppfordre handel og turisme. Rundt 2000-talet vart denne typen avtale ofte brukt for å opprette strategiske internasjonale handelsband mellom byar.[4]