Verdal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Verdal | ||
Areal | 1 548 km² | ||
• land | 1 488 km² | ||
• vatn | 60 km² | ||
Folketal | 15 412 (1. januar 2025) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Pål Sverre Fikse (Sp) | ||
Kommunenr. | 5038 | ||
![]() Verdal 63°47′32″N 11°28′54″E / 63.792222222222°N 11.481666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Verdal | |||
Nettstad: www.verdal.kommune.no |
Verdal (sørsamisk: Verdaelie) er ein kommune i Trøndelag som stort sett fell saman med Verdalen, ein elvedal med sidedalar som strekker seg frå vasskiljet ved riksgrensa til Trondheimsfjorden. Kommunen grensar i nord mot Steinkjer, Inderøy og Snåsa, og i sør mot Meråker og Levanger. I aust går riksgrensa mot Sverige. Slaget på Stiklestad stod i dalen i 1030.
Spelet om Heilag Olav vert vist kvart år på friluftscena på Stiklestad under Olsok-dagane. Verdal er truleg den einaste kommunen/prestegjeldet i Noreg som ikkje har endra grenser og namn så langt tilbake som det finst kjelder. Bygda er også kjend som «Lottobygda».