Verdscupen i alpine greiner for menn i 1980-sesongen tok til 7. desember 1980 i Val-d’Isère i Frankrike og vart avslutta 15. mars 1980 i Saalbach-Hinterglemm i Austerrike. Turneringa omfatta 23 renn og 27 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 8 slalåmrenn, 8 storslalåmrenn, 7 utforrenn og 4 kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn.
Andreas Wenzel frå Liechtenstein kneip FIS-pokalen, framom svenske Ingemar Stenmark som tvillaust var verdas beste alpine skirennar med sine 11 rennsigrar. Phil Mahre frå USA kneip tredjeplassen i den totale verdscup-turneringa.