Verdscupen i alpine greiner for menn i 1990-sesongen tok til 11. august 1989 i Thredbo i delstaten New South Wales i Australia og vart avslutta 17. mars 1990 i Åre i Sverige. Turneringa omfatta 32 renn og 34 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 10 slalåmrenn, 7 storslalåmrenn, 6 super-g-renn, 9 utforrenn og 2 kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn.
Pirmin Zurbriggen frå Sveits om tilbake på toppen og var beste poengsankar i verdscupen for fjerde gong. Nordmannen Ole Kristian Furuseth vart andremann i turneringa, og Günther Mader frå Austerrike nummer tre.