Verdscupen i skiskyting 1979

Verdscupen i skiskyting 1979 tok til den 10. januar og vart avslutta 8. april. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Jáchymov (3) i Tsjekkoslovakia, Antholz (3) i Italia, Ruhpolding (3) (VM i skiskyting 1979) i Vest-Tyskland, Sodankylä (3) i Finland og Bardufoss. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.

Klaus Siebert frå Aust-Tyskland vann to av dei ti enkeltrenna og sigra framom landsmannen Frank Ullrich. Aust-Tyskland vann tre av stafettane og Sovjetunionen to av dei.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne