Verdscupen i skiskyting 1988

Verdscupen i skiskyting 1988 tok til 17. desember 1987 og vart avslutta 20. mars 1988. Turneringa omfatta 11 individuelle tevlingar. Renna fann stad i Hochfilzen i Austerrike, Antholz i Italia, Ruhpolding i Vest-Tyskland, Oslo i Noreg og i Keuru og Jyväskylä i Finland.

Dei mannlege utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km. Fritz Fischer frå Vest-Tyskland gjekk til topps i turneringa, på dei neste plassane kom norske Eirik Kvalfoss og italienaren Johann Passler. Kvalfoss og austtyske Frank-Peter Roetsch vann to enkelt-tevlingar kvar.

Den fyrste verdscupen i skiskyting for kvinner enda med to norske utøvarar på topp, Anne Elvebakk sigra føre Elin Kristiansen, på tredjeplass kom bulgarske Nadesjda Aleksijeva. Dei kvinnelege utøvarane tevla i 10 km og 5 km, fem renn over kvar av distansane. Dessutan i fem stafettar med tre utøvar på laget.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne