Verdscupen i skiskyting 2000

Verdscupen i skiskyting 2000 tok til 2. desember 1999 og vart avslutta 19. mars 2000. Turneringa omfatta 25 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Hochfilzen i Austerrike, Pokljuka i Slovenia, Osrblie i Slovakia, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Östersund i Sverige, Oslo i Noreg.Lahti i Finland og Khanty-Mansijsk i Russland.

Dei mannlege utøvarane tevla i fire 20 km normalprogram, åtte stk 10-kilometer sprint, ni jaktstartar à 12,5 km og fire 15 km fellesstart. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 7,5 km. Franskmannen Raphaël Poirée vann turneringa, framom norske Ole Einar Bjørndalen. Fjorårsvinnar Sven Fischer frå Tyskland vart tredjemann.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i fire 15 km normalprogram, åtte stk 7,5 km sprint, ni jaktstartar à 10 km og fire 12,5 km fellesstart. I tillegg vart det arrangert sju stafettar over 4 x 7,5 km. Magdalena Forsberg frå Sverige sigra for fjerde året i rad, som året før framom Olena Zubrilova frå Ukraina. Frankrikes Corinne Niogret la beslag på tredjeplassen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne