Verdscupen i skiskyting 2009

Verdscupen i skiskyting 2009 tok til 3. desember 2008 og vart avslutta 29. mars 2009. Turneringa omfatta 26 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Östersund i Sverige, Hochfilzen i Austerrike, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Pyeongchang i Sør-Korea, Whistler i Canada, Trondheim i Noreg og Khanty-Mansijsk i Russland.

Dei mannlege utøvarane tevla i fire 20 km normalprogram, ti stk 10-kilometer sprint, sju jaktstartar à 12,5 km og fem 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 7,5 km. Fjorårsvinnar Ole Einar Bjørndalen vann verdscupen for sjette og siste gong. Tomasz Sikora frå Polen vart nummer 2 og Emil Hegle Svendsen nummer 3.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i fire 15 km normalprogram, ti stk 7,5 km sprint-tevlingar, sju jaktstartar à 10 km og fem fellesstartar à 12,5 kilometer. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 6 km. Sveriges Helena Jonsson og Tysklands Kati Wilhelm enda opp med like mange poeng, men ettersom Jonsson vann fire tevlingar mot Wilhelms tre enkelt-sigrar, vart det den svenske utøvaren som vart kåra til vinnar av verdscupen. Norske Tora Berger kneip tredeplassen i samandraget.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne