Verdscupen i skiskyting 2014

Verdscupen i skiskyting 2014 tok til 24. november 2013 og vart avslutta 23. mars 2014. Turneringa omfatta 22 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Östersund i Sverige, Hochfilzen i Austerrike, Le Grand-Bornand i Frankrike, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Pokljuka i Slovenia, Kontiolahti i Finland og Oslo i Noreg.

Dei mannlege utøvarane tevla i to 20 km normalprogram, ni stk 10-kilometer sprint, åtte jaktstartar à 12,5 km og tre 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km. Martin Fourcade frå Frankrike triumferte for tredje året i rad. Som sesongane føreåt vart nordmannen Emil Hegle Svendsen nummer 2, like framom sin eigen landsmann Johannes Thingnes Bø.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i t0 15 km normalprogram, ni stk 7,5 km sprint-tevlingar, åtte jaktstartar à 10 km og fem fellesstartar à 12,5 kilometer. I tillegg vart det arrangert tre stafettar over 4 x 6 km. Kaisa Mäkäräinen frå Finland kneip topplassen frå fjorårsvinnaren, norske Tora Berger. Darja Domratsjeva frå Belarus vart nummer 3.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne