Verdsmeisterskapen i orientering 2006

Verdsmeisterskapen i orientering 2006, den 23. i sitt slag, vart avvikla ved Aarhus i Danmark dagane frå 29. juli til 5. august. På programmet stod seks individuelle tevlingar og to stafettar, likt fordelt menn og kvinner. Deltakarane kom frå 40 land. Det var andre gongen orienterings-VM fann stad i Danmark.

Sveits sanka seks medaljar, høvesvis to gull, tre sølv og ein bronse. Finland tok to gull- og like mange sølvmedaljar. Dei norske deltakarane vann ein gullmedalje, ved Holger Hott Johansen, og to sølvmedaljar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne