Verdsmeisterskapen i orientering 2015, den 32. i sitt slag, vart avvikla i Inverness i Skottland dagane frå 1. til 7. august. På programmet stod som vanleg seks individuelle tevlingar og to stafettar, likt fordelt menn og kvinner. Nytt av året var ein mix-stafett med to kvinner og to menn på dei enkelte laga. Deltakarane kom frå 50 land. Det var tredje gongen orienterings-VM fann stad i Storbritannia, sist i 1999.
Sveriges tropp sikra seg flest medaljar med seks (2-0-4) i talet, medan Noreg kom nest med fem (0-4-1) medaljar. Men det var særleg Danmark som kunne juble med sine 4 gullmedaljar.