Vesperae solennes de Confessore

Vesperae solennes de Confessore, KV 339, er ein vesper av Wolfgang Amadeus Mozart, komponert i seks satsar. Vesperen følgjer katolsk liturgi for ein vesper, og inkluderer Magnificat frå Lukasevangeliet i tillegg til fem salmar frå Det gamle testamentet. Namnet «de Confessore» viser at vesperen er skriven til ein helgen, «solennes» tyder høgtidleg, og viser at det er skrive for framføring med orkester.

Vesperen er skriven for solistar (sopran, alt, tenor og bass), firstemt kor, to clarinoar, to fiolinar, pauker, cello, kontrabass, fagott, tre tromboner og orgel. Han er mest kjend for sopranarien i «Laudate Dominum».

Teksten til dei seks satsane i vesperen er henta frå bibelske salmar, og alle satsane vert avslutta med doksologien Gloria Patri. Satsane er Dixit (Salme 109), Confitebur (Sal. 110), Beatus Vir (Sal. 111), Laudate Pueri (Sal, 112), Laudate (Sal. 116) og Magnificat (Luk. 1).

Musikken vart skriven medan Mozart var hoffkomponist for erkebiskopen i Salzburg.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne