Vesuv | |||
vulkan | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Ved Napoli | ||
Vulkantype | Stratovulkan | ||
Høgd | 1 281 moh. | ||
Siste utbrot | 1944 | ||
Koordinatar | 40°49′18″N 14°25′30″E / 40.82167°N 14.42500°E | ||
![]() Vesuv 40°49′17″N 14°25′32″E / 40.821388888889°N 14.425555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Vesuvius |
Vesuv (italiensk Monte Vesuvio, latin Mons Vesuvius) er ein vulkan aust for Napoli i Italia. Han er den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet, men har ikkje hatt nokon større utbrot sidan 1944. Dei to andre aktive vulkanane i Italia (Etna og Stromboli) ligg på øyar.
Vesuv ligg ved kysten av Napolibukta, om lag 9 km aust for Napoli. Han er godt synleg i landskapet rundt bukta. Vulkanen er best kjend for utbrotet sitt i år 79 e.Kr., som dekte byane Pompeii og Herculaneum. Han har hatt mange utbrot sidan den gong og vert i dag rekna som ein av dei farlegaste vulkanane i verda sidan 3 millionar menneske i dag lever nær vulkanen, som oftast har hatt eksplosive utbrot, ein av dei aller farlegaste typane vulkanutbrot. Av den grunn er Vesuv ein av seksten dekadevulkanar i verda, som er vulkanar som vert ekstra nøye overvaka på grunn av tidlegare store utbrot og plasseringa nær folkesette område.