Ein via ferrata (italiensk for «jarnveg») eller klettersteig (tysk for «klatresti») er ein fjellveg som er utstyrt med faste kablar, steg, stegar og bruer. Desse knyt saman ruter som elles ville ha vore isolerte for fjellklatrarar med forskjellig erfaring. Fjellfolk og fjellklatrarar kan følgje via ferrataer utan å måtte nytte eigne tau og sikringar, og utan den same risikoen ein har ved klyving og fjellklatring. Ein finn rutene i mange land i Europa, som i Italia, Tyskland, England, Skottland, Wales, Frankrike, Austerrike, Slovenia, Romania, Sveits, Spania, Sverige, Noreg og nokre få stader i USA, Canada, Iran, Malaysia og Singapore. Den første via ferraten vart bygd Dolomittane i Italia under den første verdskrigen for å hjelpe italienske fjellinfanteristar. Den høgaste via ferrataen i verda er 3800 meter ved Mount Kinabalu i staten Sabah i Malaysia.