Victoria Land er ein region i Antarktis som grensar i aust til Ross isbrem og Rosshavet og i vest til Oates Land og Wilkes Land. Det vart oppdaga av kaptein James Clark Ross i januar 1841 og kalla opp etter dronning Victoria.[1] Klippa Minna Bluff vert ofte rekna som det sørlegaste punktet i Victoria Land, og skil Scott Coast i nord frå Hillary Coast i Ross Dependency i sør.
I regionen finn ein fjellkjeder som Dei transantarktiske fjella og McMurdo Dry Valleys (det høgaste punktet er Mount Abbott i Northern Foothills), og lågland kalla Labyrinth. Tidlegare ekspedisjonar i Victoria Land vart mellom anna gjort av James Clark Ross og Douglas Mawson.[2]