Vienna Studioalbum av Ultravox | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. juli 1980 | |
Innspelt | February 1980 | |
Studio | RAK Studios (London) | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:37 | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent |
| |
Ultravox-kronologi | ||
---|---|---|
Three into One (1979) |
Vienna | Rage in Eden (1981)
|
Singlar frå Vienna | ||
|
Vienna er det fjerde studioalbumet av det britiske new wave-bandet Ultravox, først gjeve ut på Chrysalis Records den 11. juli 1980. Albumet var det første av Ultravox med den mest kjende besetninga deira, etter Midge Ure hadde teke over som solovokalist og gitarist, etter at John Foxx og Robin Simon slutta, og det var òg det første dei gav ut på Chrysalis. Vienna vart produsert av den kjende, tyske produsenten Conny Plank, som òg hadde produsert det førre Ultravox-albumet, Systems of Romance, og miksa i studioet til Plank nær Köln i Tyskland. I form av salstal hadde albumet ein treig start, men då tittelsporet vart gjeve ut i januar 1981 som den tredje singelen frå albumet, vart han det store gjennombrotet deira verda over og førte til gode salstal av albumet gjennom 1981. Vienna nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og nådde topp 10 i Australia, New Zealand og fleire land i Europa.
Ultravox endra stil og publikum då Ure kom inn i bandet. Ure hadde alt vore delaktig i skipinga av bandet Visage med klaverspelaren og bratsjisten i Ultravox, Billy Currie. Det er mange forskjellige stilar på albumet: «Astradyne» er ein lang instrumental med sveipande, majestetiske synthesizerarrangement, medan «Mr. X» er eit enklare Kraftwerk-aktig spor. Tekstane på albumet vart hovudsakleg skrivne av Ure og trommeslagaren Warren Cann, som òg for ein gong skuld syng solovokal på «Mr. X».
Vienna vart ommastra og gjeve ut på CD i 2000 på EMI Gold. Denne utgåva kom ut med eit utval av B-sider frå singlane til albumet som bonusspor, i tillegg til musikkvideoen til songen «Vienna». Den definitive versjonen av albumet Vienna kom ut i 2008 med ei ekstra bonusplate med sjeldne spor og anna som ikkje var gjeven ut tidlegare.