Vierfamilien | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vierfamilien Salicaceae Mirb., 1815 |
Vierfamilien (Salicaceae), også kalla pilefamilien, er ein plantefamilie i vierordenen.[1] Alle artane i familien er buskar eller tre med spreidde blad. Dei fleste har blomar utan kronblad og ofte også begerblad.[2]
Plantar frå vierfamilien veks i nesten alle landområde som ikkje er dekte av is, men opptrer ikkje i Sahara, Den arabiske ørken, Atacamaørkenen, sørlege Patagonia, New Zealand eller størstedelen av Australia.
Alle artane frå familien i Europa tilhøyrar anten vierslekta (Salix) eller poppelslekta (Populus). Begge desse slektene omfattar særbu-tre og -buskar som blomstrar før lauvsprett. Dei er hurtigveksande og kan lett formeira seg vegetativt. I Noreg veks naturleg osp (Populus tremula) og ei rekke artar av pil, selje og vier som tilhøyrer slekta Salix.
I Cronquist-systemet omfatta familien berre dei tre slektene Salix, Populus og Chosenia, og han var plassert i ein eigen orden, Salicales. I APG III-systemet inneheld familien 55 slekter og er del av vierordenen (Malpighiales). Mange av slektene som er tilførte familien kom frå den no utgåtte familien Flacourtiaceae.