Vika

«Viken» omdirigerer hit. For det norske fylket, sjå Viken fylke.
Kart over Vika i mellomalderen.

Vika eller Viki (dansk Vigen, bokmål også Viken) er eit historisk namn på området kring Oslofjorden, av norrønt Vík eller Víkin.

Vikværing eller vikver – på norrønt i fleirtalsformene víkverir eller víkverjar – er namnet på ein innbyggjar i Vika. I vikingtida hadde danske kongar stor innflyting i Vika, og stundom låg området formelt under Danmark med ein norsk jarl, som Eirik Håkonsson Ladejarl.

I landskapet Vika låg dei fire fylka Ranrike, Vingulmork, Vestfold og Grenland, som breidde seg etter sjøsida frå Brunlanes i vest via Oslo til utløpet av Gautelva i Båhuslen.

For fleire ulike skildringar av Vika, sjå Vika i sagalitteraturen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne