Viken fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Austlandet | ||
Adm.senter | Oslo | ||
Areal | 24 592,6 km² | ||
• land | 22 767,9 km² | ||
• vatn | 1 824,7 km² | ||
Folketettleik | Feil i uttrykket: Uventa operatør, div / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Valgerd Svarstad Haugland | ||
Fylkesordførar | Roger Ryberg (Ap) | ||
Fylkesnummer | 30 | ||
Viken fylke 60°N 10°E / 60°N 10°E | |||
Wikimedia Commons: Viken (county) | |||
Nettstad: www.viken.no |
Viken var ein norsk fylkeskommune som oppstod frå 1. januar 2020 som følgje av tvangssamanslåinga av fylka Østfold, Akershus og Buskerud. Dessutan vart kommunane Jevnaker og Lunner i det tidlegare Oppland fylke del av det nye Viken fylke i samband med kommunereforma 1. januar 2020, i samsvar med ynske frå dei to kommunane. Heilt frå 1838 hadde desse kommunane vore ein del av Oppland fylke, tidlegare Kristians amt. Fylka Oppland og Hedmark vart slegne saman til Innlandet fylke med verknad frå same dato. Svelvik kommune i det tidligare Vestfold fylke vart likeeins ein part av Viken fylke ved at kommunen vart slege saman med kommunane Nedre Eiker og Drammen i det tidlegare Buskerud fylke til den nye Drammen kommune frå same dato.
Opprettinga av fylket Viken har vore kontroversiell.[1] Etter kommune- og fylkestingsvalet i 2019 består fleirtalskoalisjonen i fylkestinget av parti som stemte mot regionreforma ved stortingsbehandlinga. Koalisjonen har vedteke å be Stortinget om å oppløyse Viken etter valet i 2021, og at fylka Buskerud, Østfold og Akershus skal opprettast att.[2]