Vikingskipsmuseet i Roskilde | |||
| |||
Stad | Roskilde kommune | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1962 | ||
Vikingskipsmuseet i Roskilde 55°39′01″N 12°04′44″E / 55.650139°N 12.078944°E |
Vikingeskibsmuseet er eit museum i Roskilde på Sjælland i Danmark som konsentrerer seg om skip, sjøfart og båtbygging i vikingtida. På museet er det teke vare på leivningar etter fem skip frå vikingtida som vart funne på botn av Roskilde Fjord utanfor landsbyen Skuldelev og berga i 1960-åra, og som har fått namn etter denne landsbyen: Skuldelev 1, Skuldelev 2, Skuldelev 3, Skuldelev 5 og Skuldelev 6. Det som er er att av alle desse skipa er stilt ut med metallskjelett som synar korleis leivningane gjev grunn til å sjå for seg forma på båtane.
Det mest komplette av desse skipa er Skuldelev 3. Årsaka til at det ikkje er nokon båt med namnet Skuldelev 4 er at Skuldelev 2 til å byrje med vart sett på som to særskilde skip, ettersom leivningane etter skipet låg på ulike plassar på fjordbotn.
Allereie før utgravingane av desse skipa vart sett i gang i 1962 ved å setje opp spuntveggar i botn av den grunne fjorden og pumpe ut vatnet innanfor veggane, hadde lokale fiskarar vore klar over at det låg ei gamal skute her, men ikkje at det var så mange og så gamle båtar. I 1920-åra vart stein og trestykke frå skipa teke opp og fotografert, mellom anna eit kjølsvin som vart nytta som ved i omnen ein kald vinterdag under den andre verdskrigen.