Vina | |||
| |||
Strengeinstrument | |||
---|---|---|---|
Klassifisering | vina, klimpra luttinstrument med skålforma kropp | ||
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.321-5 | ||
Døme |
Vina (tamil வீணை vīṇai) er eit sør-indisk klimpreinstrument med fire spelestrenger av messing og tre resonansstrenger. Gripebrettet har 24 metalltverrband som er festa til sjølve gripebrettet med voks. Vinaen har vanlegvis to resonanskassar — hovudresonanskassen er av tre med halvkuleform, og ein resonans-kalebass finst ved overgangen mellom halsen og hovudet på vinaen. Vinaen blir halden vassrett på fanget av den som spelar. Dette instrumentet blir særleg bruka i karnatisk musikk.