Vincent van Gogh | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 30. mars 1853 Zundert |
Død |
29. juli 1890 (37 år) |
Yrke | kunstmålar, botanisk illustratør, teiknar, grafikar, bygningstegner, raderer, litograf, grafikar |
Sjanger | landskapsmåleri, stilleben, portrett, byprospekt, interiørscene, sjølvportrett, Christian art |
Medlem av | Société française de gravure |
Far | Theodorus van Gogh |
Mor | Anna Carbentus van Gogh |
Vincent van Gogh på Commons |
Vincent van Gogh (30. mars 1853–29. juli 1890) var ein nederlandsk kunstmålar. Han er kjend for eit dramatisk sinnsliv og for å ha vore ein føregangar for ekspresjonismen og den moderne kunsten.
Van Gogh byrja å teikne som og barn heldt fram med det gjennom ungdommen, noko som leia fram til at han bestemte seg for å bli kunstnar. Måling byrja han ikkje med før i slutten av tjueåra. Han fullførte mange av dei mest kjende verka sine i løpet av dei to siste åra av livet sitt. På litt over eit tiår produserte han meir enn 2100 kunstverk, som består av 860 oljemåleri og meir enn 1300 akvarellar, teikningar og skisser. Arbeidet hans inkluderer sjølvportrett, landskap, stilleben, portrett og måleri av sypressar, åkrar og solsikker.