Ein vinkel er ein geometrisk figur som er danna av to rette linjer frå same punkt. Dette punktet vert kalla toppunktet til vinkelen, og linjene vert kalla beina til vinkelen. Vinkel blir brukt som eit mål på skilnaden av hellinga av dei to linjene, utan eigenleg å finne eller avgjere hellinga på kvar av linjene.
Ein kan fordjupe seg i teoriane til vinklane og bruken av dei i geometrien og i trigonometri.