Vinter-OL 1924 | ||
![]() | ||
Vertsby | Chamonix, Frankrike | |
Nasjonar | 16 | |
Idrettsgreiner | 9 | |
Opna | 25. januar 1924, av Gaston Vidal | |
Avslutta | 5. februar 1924 | |
Utøvarar | ||
---|---|---|
Menn | 247 | |
Kvinner | 11 | |
Totalt | 258 | |
Dei olympiske vinterleikane |
Vinter-OL 1924 vert rekna som dei fyrste olympiske vinterleikane. Idrettskonkurransane, som vart skipa til i Chamonix i Frankrike, vart opphavleg kalla Semaine des Sports d'Hiver («Vintersportsveka»). Veka vart arrangert i samband med sommarolympiaden i Paris. I ettertid gav den internasjonale olympiske komitéen (IOK) dette arrangementet status som dei fyrste olympiske vinterleikane.
Det vart delt ut medaljar i 16 øvingar og 9 idrettsgreiner. Nokre øvingar, som curling og militært patruljeløp, er seinare blitt rekna som demonstrasjonsøvingar. Det vart ikkje føreteke noko slikt skilje i 1924, og i ettertid har IOK gått inn for å godkjenna også desse. Så seint som i 2006 blei curling godkjend som ei fullverdig OL-øving, og deltakarane eller arvingane deira fekk rette medaljar.
Noreg tok fire gullmedaljar, tre av dei kom ved Thorleif Haug. Han vann begge langrennskonkurransane (15 km og 50 km) i tillegg til kombinert. Nordmannen Jacob Tullin Thams vann hoppkonkurransen. I kunstløp kom knapt 12 år gamle Sonja Henie på åttande og sisteplass, i dei følgjande tre leikane skulle ho vinna gull kvart år.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Harald Strøm, som deltok på skeiseløp.