Dei 11. olympiske vinterleikane | |
Deltakande nasjonar | 35 |
Deltakarar | 1006 (801 menn, 205 kvinner) |
Øvingar | 35 i 6 idrettsgreiner |
Opningsseremoni | 3. februar 1972 |
Avslutningsseremoni | 13. februar 1972 |
Offisielt opna av | Keisar Hirohito |
Norsk flaggberar | Magnar Solberg |
Vinter-OL 1972 vart arrangert i Sapporo i Japan.
Sovjetunionen vart beste nasjon med åtte gullmedaljar. Noreg tok til saman tolv medaljar, men måtte nøye seg med to gull. Magnar Solberg forsvarte gullmedaljen på 20 km skiskyting frå OL i Grenoble, og Pål Tyldum vann 50 kilometer langrenn. Den nederlandske skøyteløparen Ard Schenk tok gullmedalje på dei tre lengste distansane.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Magnar Solberg, som deltok i skiskyting.