Vladimir Kramnik | |
Fødenamn | Владимир Борисович Крамник |
Statsborgarskap | Russland, Sovjetunionen |
Fødd | 25. juni 1975 (49 år) Tuapse |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Kandidatturneringen 2018, Sjakk-OL 1992, Sjakk-OL 1994, Sjakk-OL 1996, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016, Sjakkolympiaden 2018 |
Utmerkingar | world chess champion, Sjakk-Oscar, Æresordenen, Sjakk-Oscar |
Vladimir Borisovitsj Kramnik (fødd 25. juni 1975 i Tuapse ved Svartehavet) er ein russisk sjakkspelar. Han slo Garri Kasparov i tittelkamp om verdsmeisterskapen i sjakk i 2000, og vart deretter rekna som den 14. klassiske verdsmeisteren i sjakk. Han forsvarte tittelen i VM-kampar i 2004 og 2006, men miste tittelen i VM-turneringa i Mexico City i september 2007 til indaren Viswanathan Anand.
Per 1. januar 2008 hadde Kramnik ein FIDE-rating på 2799. Han toppa dermed Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste, saman med verdsmeisteren Viswanathan Anand.