Vollgrav er ei brei fordjuping i jorda som ofte er fylt med vatn, og som omgjev muren til ein festning, borg eller liknande. Ofte førte ei vindebru over vollgrava.[1]
Frå 1800-talet medførte ny forsvarsstrategi at vollgraver blei umoderne, og gamle vollgraver blei mange stader fylte igjen eller gjort om til parkområde. I Tivoli i København er ein del av tivoliet opphavleg ei vollgrav.