Voss herad

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Voss herad».
Voss herad
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Vossavangen
Areal 2 041,97 km²
 •  land 1 963,37 km²
 •  vatn 78,60 km²
Folketal 16 471  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Tonje Såkvitne (Sp) (2023)
Kommunenr. 4621
Kart
Voss herad
60°42′09″N 6°25′23″E / 60.7025°N 6.423056°E / 60.7025; 6.423056
Kart som viser Voss herad.
Kart som viser Voss herad.
Kart som viser Voss herad.
Wikimedia Commons: Voss
Nettstad: www.voss.kommune.no

Voss herad er ein kommune sentralt i Vestland fylke. Kommunen grensar i vest til Vaksdal, i sørvest til Kvam, i aust til Ulvik, og i nord til Aurland og Vik. Kommunen er vorten utvida fleire gonger, i 1964, då Voss, Vossestrand og Evanger vart slegne saman, og i 2020, då Granvin herad og ein del av Ullensvang herad (Oksenhalvøya) vart del av kommunen.[1]

Voss er ein innlandskommune og eit trafikknutepunkt, og er med 1 805 kvadratkilometer den største kommunen i Hordaland fylke. 91 % av arealet er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Kommunen er populær for skigåing og bygda har fostra fleire kjende skiløparar. Nord for Vossavangen ligg skiområda med Voss fjellheisar. Dei seinare åra er det også bygd skitrekk og skiløyper i Myrkdalen, vel 2 mil frå kommunesenteret i samband med utbygginga av Voss Fjellandsby.

Ein person frå Voss vert kalla ein vossing (i eldre tid «ein voss» (m), «ei vossa» (f)) og «vesser» (fleirtal).

  1. «Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ullensvang og Granvin/Voss, Hordaland - Lovdata», lovdata.no, henta 20. november 2020 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne