Vulcan Stettin

AG Vulcan Stettin
Org.formAksjeselskap
BransjeSkips- og lokomotivbygging
Skipa1851
Nedlagd1945
HovudkontorStettin i Tyskland (idag Szczecin i Polen)
LandDet tyske keisardømet, Weimarrepublikken
Tilsette~20 000 (i 1918)
LagnadOppløyst etter andre verdskrigen

Aktien-Gesellschaft Vulcan Stettin (forkorta AG Vulcan Stettin) var eit tysk verft som bygde skip og lokomotiv. Det vart skipa i 1851 og låg nær den tidlegare tyske byen Stettin, i dag polske Szczecin. På grunn av dei avgrensa anlegga i Stettin, vart det i 1907 bygt eit skipsverft til i Hamburg. Føretaket som då fekk namnet Vulcan-Werke Hamburg und Stettin Actiengesellschaft bygde somme av dei mest kjende sivile skipa i Tyskland, og spelte ei viktig rolle i begge verdskrigane, då dei bygde krigsskip for Kaiserliche Marine og Kriegsmarine.

begge verfta vart medlemmar av Deschimag i 1920-åra. Verftet i Stettin vart lagt ned i 1928, men opna igjen i 1939. Under andre verdskrigen vart slavearbeidarar nytta her, og etter krigen vart det overteke av polske styresmakter, medan verftet i Hamburg vart selt til Howaldtswerke AG i 1930 og Lokomotivavdelinga vart selt til Borsig i Berlin


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne