Samansetnad | Elementærpartikkel | ||
---|---|---|---|
Gruppe | Gauge-boson | ||
Fundamentalkraft | Svak kjernekraft | ||
Oppdaga | UA1- og UA2-samarbeida 1983 | ||
Masse | W: 80.385±0.015 GeV/c²[1] Z: 91.1876±0.0021 GeV/c2[1] | ||
Elektrisk ladning | W: ±1 e Z: 0 e | ||
Spinn | 1 |
W- og Z- boson (i lag kalla svake boson eller mellomliggande vektorboson) er elementærpartiklar som formidlar svak kjernekraft. Symbola deira er W+, W- og Z. W-bosona har positiv og negativ ladning på 1 elementærladning og er kvarandre sine antipartiklar. Z-bosonet er uladd eller nøytralt og er sin eigen antipartikkel. Dei tre partiklane har alle særs kort levetid med ei halveringstid på kring 3×10−25 s. Det var ein stor suksess då dei vart oppdaga for det som no vert kalla standardmodellen i partikkelfysikk.
W-boson er kalla opp etter den svake (weak på engelsk) krafta. Fysikaren Steven Weinberg kalla så den siste partikkelen «Z-partikkel»,[2], mellom anna fordi han hadde null (zero på engelsk) elektrisk ladning.[3]
Dei to W-bosona er dei mest kjende formidlarane av nøytrinoabsorpsjon og emisjon, og ladninga deira er tilknytt elektron- eller positronemisjon. Z-bosonet er ikkje involvert i absorpsjon eller emisjon av elektron og positron.
Z-boson er lettast å kjenne att som ein naudsynt teoretisk kraftformidlar når nøytrinoa vert spreidd «elastisk» frå materie, noko som berre kan skje utan at det vert skapt eller absorbert nye, ladde partiklar.