Waiting for a Girl Like You

Waiting for a Girl Like You
Singel av Foreigner
frå albumet 4
B-side

I'm Gonna Win

Utgjeve September 1981
Innspelt 1981
Sjanger Softrock[1]
Lengd 4:35 (singel)
4:49 (album)
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Mick Jones, Lou Gramm
Produsent Robert John «Mutt» Lange, Mick Jones
Foreigner-kronologi 
«Urgent»
(1981)
Waiting for a Girl Like You «Juke Box Hero»
(1982)


«Waiting for a Girl Like You» er ein powerballade frå 1981[1] av det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner. Det markante synthesizer-temaet vart framført av den då ukjende Thomas Dolby.

Det var den andre singelen frå albumet 4 (1981) og var skriven av Lou Gramm og Mick Jones. Det var tein av dei største hittane deira verda over og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og toppen av Billboard Rock Tracks-lista.[2]Billboard Adult Contemporary-lista nådde songen femteplassen.[3] Songen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart.

«Waiting for a Girl Like You» sette rekord for flest veker på andreplassen på Billboard-lista, då han låg der i ti veker totalt. Han vart halde unna toppen av lista av Olivia Newton-John med «Physical» og så Hall & Oates med «I Can't Go for That (No Can Do)».[4] Songen enda opp på 19. plassen på årslista for 1982 i USA.

Songen er oppført på 100. plassen på lista til Billboard over dei beste songane gjennom tidene.[5]

  1. 1,0 1,1 «Gig review: Journey/Foreigner/Styx». The Scotsman. 10. juni 2011. Henta 15. februar 2017. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 234.
  3. Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of No. 1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), page 333.
  4. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of No. 1 Hits, 5th Edition (Billboard Publications), page 601.
  5. «Archived copy». Arkivert frå originalen 1. oktober 2008. Henta 19. mai 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne