Waterfalls Singel av Paul McCartney frå albumet McCartney II | ||
B-side |
«Check My Machine» | |
---|---|---|
Utgjeve | 13. juni 1980 | |
Innspelt | Juli–august 1979 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 4:43 | |
Selskap | Parlophone/EMI (Storbritannia) Columbia (USA) | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«Coming Up» (1980) |
Waterfalls | «Temporary Secretary» (1980)
|
«Waterfalls» er ein ballade av Paul McCartney frå den første soloplata hans etter Wings, McCartney II. Songen har ein enkel stil, der McCartney spelar eit Fender Rhodes elektrisk piano og ein synthesizer, medan han syng. Songen kom ut på singel med «Check My Machine» som B-side og nådde niandeplassen på singellista i Storbritannia.[1][2] I USA vart han den første singelen hans som ikkje gjekk inn på Billboard Hot 100, og nådde der berre 106. plassen.[3] I 2013 rangerte Rolling Stone songen som den 25. beste Paul McCartney-songen etter Beatles.[4]
Då McCartney ein gong vart spurt om kva singel han hadde ønskt skulle fått meir suksess, så svarte han «Det er fleire faktisk. 'Waterfalls' syns eg er fin.» Han sa òg at TLC-singelen «Waterfalls» har element frå songen hans.[4][5]