Waterford

Waterford
Port Láirge
by
Våpenskjold
Motto: Urbs Intacta Manet Waterfordia – «Waterford forblir den uerobra byen»
Land  Irland
Provins Munster
Grevskap County Waterford
Areal 41,58 km²
Folketal 48 369 (2016)[1]
Grunnlagd 914
Kart
Waterford
52°15′30″N 7°07′08″W / 52.2583°N 7.119°W / 52.2583; -7.119
Wikimedia Commons: Waterford

Waterford (irsk Port Láirge, gamalnorsk Veðrafjǫrðr, «vindfull fjord») er femte største byen i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Waterford og den viktigaste byen søraust i landet. Han vart grunnlagd i år 914 av vikingar og vart den første byen på Irland.[2]

Waterford er den største byen Irland som har halde på sitt opphavlege vikingnamn, Vedrarfjord.[2] Reginald's Tower er den eldste bybygningen på Irland og det eldste monumentet som har halde på vikingnamnet sitt.

Elva Suir renn gjennom Waterford og har danna grunnlaget for den lange maritime historia til Waterford. Hamna i Waterford har vore ei av dei største hamnene i Irland i over tusen år. På 1800-talet var skipsbygging ein stor industri i byen. Eigarane av Neptune Shipyard, Malcomson-familien, bygde og opererte den største flåten av jerndampskip i verda mellom midten av 1850-åra og seint i 1860-åra, inkludert fem transatlantiske passasjerskip.[2] I dag er Waterford synonymnt med Waterfordkrystall, ein av dei mest langvarige og suksessrike industriane i byen. Glas og krystall har vore produsert i byen sidan 1783.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://citypopulation.de/Ireland-Cities.html.
  2. 2,0 2,1 2,2 Discover Waterford av Eamon McEneaney (2001). (ISBN 0-86278-656-8)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne