Wayne Perkins | |||
Fødd | 1951 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham i Alabama | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1970– | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Verka som | songar, komponist, gitarist |
David Wayne Perkins (fødd i 1951) er ein USA-amerikansk rock- og R&B-gitarist, songar, låtskrivar og studiomusikar.
Perkins byrja som studiomusikar i 1968 for eit studio eigd av Quin Ivy i Muscle Shoals i Alabama. Sidan fekk han arbeide i Muscle Shoals Sound Studio med artistar som David Porter and the Soul Children, Dave Crawford og Brad Shapiro, Dee Dee Warwick, Ronnie Milsap, Joe Cocker, Leon Russell, Jimmy Cliff, Jim Capaldi, Steve Winwood og Marlin Greene. Perkins spelte òg sologitar på tre spor på Catch a Fire, eit album frå 1973 av Bob Marley and the Wailers: «Concrete Jungle», «Stir It Up» og «Baby We’ve Got a Date».[1]
Perkins starta sidan bandet Smith, Perkins and Smith, som spelte inn to album og turnerte i England i lag med Free, Fairport Convention, Argent, Uriah Heep, Family og Vinegar Joe. Clapton fekk arrangert for Perkins å prøvespele for The Rolling Stones seinare i 1970-åra.[2] På grunn av dette fekk Perkins spele sologitar på albumet Black and Blue.[3][4] Sidan heldt Perkins til i Nashville, der han skreiv musikk for Catdaddy Music og varmed å skrive filmusikk med Richard Wolf for filmane The Karate Kid Part II og Back to School. Perkins starta sidan bandet Problem Child med Robert Nix og Rick Christian, og spelte bass med Lonnie Mack. Han har òg spelt med artistar som The Alabama State Troupers, Ben Atkins, Michael Bolton, Angela Bofill, The Everly Brothers, The Oak Ridge Boys, Billy Ray Cyrus, Ray Reach og mange andre.
I 1995 spelte Perkins inn det første soloalbumet sitt, Mendo Hotel,[3] og i 2005 gav han ut Ramblin' Heart.
Nokre år seinare fekk Wayne Perkins påvist fleire hjernesvulstar, som han vart behandla for, men han gav seg då med musikkarrieren.[5]