«We Love You» Singel av The Rolling Stones | ||
B-side |
«Dandelion» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. august 1967 | |
Innspelt | 12. juni 1967 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 4:35 | |
Selskap | Decca F.12654 (UK) London 45.905 (US) | |
Komponist | Mick Jagger, Keith Richards | |
Tekstforfattar | Mick Jagger, Keith Richards | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Let’s Spend the Night Together» (1967) |
«We Love You» | «In Another Land» (1967)
|
«We Love You» er ein song av The Rolling Stones, skriven av Mick Jagger og Keith Richards og først gjeve ut som singel den 18. august 1967. B-side var «Dandelion». Songen gjekk opp til åttandeplass i Storbritannia, men berre til 50. plass i USA. Denne songen, og B-sida, var dei siste som bandet spelte inn med manageren Andrew Loog Oldham som produsent.
Songen er ei einstonig marokkansk-aktig hyllest til utfordringar. Songen var ei melding til tilhengjarane til bandet, som ein takk for at dei støtta dei etter at fleire i bandet nyleg hadde vorte fengsla for narkotikamisbruk. Det var òg ei ironisk melding til politiet som tok dei. «We Love You» er ei psykedelisk blanding av lydar frå fengsel med Nicky Hopkins på piano, samt John Lennon og Paul McCartney på harmonivokal.
Songteksten kan tilsynelatande virka som eit svar til Beatles sin «All You Need Is Love», som kom tidlegare på sommaren, men ved nærare ettersyn syner teksten ei sterk anti-samfunnshaldning med linjer som «we don’t care if you hound we and lock the doors around we» og «you will never win we, your uniforms don’t fit we».