We Will Rock You Singel av Queen frå albumet News of the World | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 7. oktober 1977 | |
Sjanger | Arenarock[1] | |
Lengd | 2:02 | |
Selskap | EMI; Elektra | |
Komponist | Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May | |
Låtskrivar(ar) | Brian May | |
Produsent | Queen, Mike Stone | |
Queen-kronologi | ||
Long Away (1977) |
We Will Rock You | Spread Your Wings (1978)
|
«We Will Rock You» er ein song framført av Queen og skriven av Brian May. Han er opningssporet på plata News of the World frå 1977. Dette året blei «We Will Rock You» gjeven ut saman med «We Are the Champions» som singel, og nådde topplistene fleire stader i verda.[2] Songen har ein enkel tramp- og klapperytme som saman med refrenget («We will, we will rock you») er særs kjend. Bortsett frå dei siste 30 sekunda der May speler ein gitarsolo, er songen gjerne framført acappella, med tramping og klapping som akkompagnement.
«We Will Rock You» er blitt spelt inn, remiksa, sampla, parodiert og brukt i ei rekkje samanhengar, som på idrettsarrangement, fjernsyn, filmar og anna media.[3][4] Songen blei teken med i Grammy Hall of Fame i 2009,[5][6] rangert som nummer 338 i Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time i 2010,[7] og plassert som nummer 146 på Recording Industry Association of America (RIAA) si liste over Songs of the Century.
Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» blei skrivne etter ei hending under den britiske turneen til bandet i 1977.[8] Etter ein konsert på Bingley Hall i Birmingham med eit svært vokalt publikum framførte tilskodarane i med «You'll Never Walk Alone» som allsong etter at gruppa hadde gått av scena.[9] Gruppa blei einig om å gå inn for å oppmuntra publikum til å ta del i opptredenane sine for å framkalla ein liknande energi. May skreiv «We Will Rock You» neste dag.[10]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Arena